Nils Vermund Gjerstad snakka med Cate Blanchett

Publisert av:
14/2/2015 16:32

 -Eg har ikkje vore her sidan 2011, og det er veldig artig å vera attende. Frå morgon til kveld har det gått i eitt, seier han til Tysnesingen.no

I går hadde eg det so hektisk at eg måtte springe frå intervju til intervju. På  fredag  måtte eg mellom anna intervjue ein fyr i full fart medan han gjekk til U-bahn-stasjonen! Heldigvis hadde eg lydopptakar.

Gjerstad fortel vidare at han hadde eit veldig bra intervju med regissør Oliver Hirschbiegel (Der Untergang (2004)) som har laga ein ny spennande film om nazi-tida, og den lite kjende mannen George Elser som prøvde å ta livet av Hitler med sprengstoff under ein tale i Bürgerbräukeller i München i 1939.

Det var og interessant å snakke med den modige amerikanske dokumentarfilmskaperen Laura Poitras, som laga filmen Citizenfour om Snowden. Den er Oscar nominert.

Den tyske regissøren Wim Wenders (bl.a. Paris, Texas (1984) imponerer meg i sitt 70. år. Han fekk pris her og det har vore ein retrospektiv på han her. Eg spurte han om hans siste film Every Thing Will Be Fine er ein utprega nordisk film, ettersom kjensler i filmen vert underspelt. Og ja, det kunne han fortelle at det er. 

– Eg koste meg og med eit seminar med kameramannen til den eksentriske filmskaparen Werner Herzog og eit anna med soundtrack-komponisten Howard Shore, som mellom anna har laga musikken til Lord of the Rings-filmane.

Elles er det kjekt å møte gamle venner og verta kjend med nye folk. – Eg møtte mellom anna ei dansk kvinne som har laga ein animasjonsfilm med tittelen Pebbles at your door som handlar om nauda i Nord-Korea, den var spesielt rørande.

Min favoritt blant filmane er Terrence Malick sin Knight of Cups, som har nydelig estetikk og dynamisk kamerabruk, med musikk på soundtracket av Edvard Grieg. Faktisk kjentes det som ein musikkvideo av Grieg sin musikk.

Sjå Nils Vermund snakke med Cate Blanchett, som vann Oscar for beste kvinnelige hovudrolle her, og spol fram til minutt 32.50: http://www.berlinale.de/en/im_fokus/videostreaming/videos/long_versions_2015/201508077_pk.html

sjå Nils Vermund snakke med Wim Wenders her og spol fram til minutt 15.25:
http://www.berlinale.de/de/im_fokus/videostreaming/videos/long_versions_2015/201511036_pk.html

Festivalen er ferdig i morgon, søndag 15.02.