Tidenes artistslepp frå Tysnesfest

Publisert av:
11/2/2015 12:12

Kva har Highasakite, Carola(SE), DDE, Bertine Zetlitz, Ralph Myerz & the Jack Herren Band, Bjørn Eidsvåg og Maria Mena til felles?
-Dei kjem alle til Tysnesfest 2015!

Carola
I løp av sin over 30-årige artistkarriere har Carola Häggkvist etablert seg som ein av Sverige og Nordens mest framgangsrike artistar. Nokon av hennar største hits «Främling», «Mickey» og ikkje minst «Fångad av en stormvind» er ein del av den svenske og Nordiske musikkhistorien. Få artistar har fleire prestisjefylte prisar i Sverige enn henne (13 stykk). 

Carola har også medverka i fleire musikalar. Ho spelte blant anna hovudrollen som Maria i «Sound of music», ein rolletolking ho fekk den prestisjefulle utmerkinga «Guldmasken» for.

Carola seier sjølv om den planlagde turnèen:
“Jeg gleder meg stort til å møte publikum igjen og til å by på det beste av mine 32 år på scenen”.
[youtube]18mi8_JfkoM[/youtube]

Highasakite
Med albumet “Silent Treatment”, har Highasakite utan tvil levert det mest kritikarroste albumet i 2014, og blitt eit av landets mest populære band på rekordtid. Utselte hus over heile landet, topp ti-plassering på VG-lista over eit år i strekk understreker kor stort bandet har blitt. Med mektige låtar som “Since Last Wednesday” og Leaving No Traces”, har dei ikkje berre tatt kritikarar og radioar med storm, men heile Norge. Bandet vann nettopp to spellemannsprisar, og VG har utnemnt dei til “årets albumvinnar”. I tillegg kunne Wimp og Spotify stadfeste at bandet har det mest spelte albumet i løpet av 2014. Tysnesfest vert einaste festivalen med besøk av bandet i Hordaland sommaren 2015.

[youtube]1GZHB0v7y6w[/youtube]
Highasakite: Tysnesfest vert den einaste festivalen i Hordaland som får besøk av bandet i sommar.

Bertine Zetlitz
Norges popdronning, Bertine Zetlitz, slepp nytt album på norsk seinare i år. Fyrste singel er ein duett med rockelegenda Prepple Houmb frå Dumdum Boys. Etter seks album på engelsk, skriv Bertine Zetlitz for fyrste gong på norsk. – Jeg begynte å bli lat av å skrive engelsk og selvtilfreds. Nå er jeg igjen full av tvil og usikkerhet, og det liker jeg.  

Zetlitz sitt debutalbum «Morbid Latenight Show» blei gitt ut i 1998, og hennar tredje album «Sweet Injections» frå 2003 nådde 1. plass på VG-lista. Ho er blant anna kjent for singlar som «Adore Me» (2000), «Twisted Little Star» (2003) og «Fake Your Beauty» (2004).

[youtube]G3oyDZD2O9A[/youtube]


DDE
Nummer ein på ønskelista til vårt kjære publikum kjem endeleg tilbake! DDE gler seg stort til å gjesta Tysnesfest igjen. Bjarne Brøndbo sin opptreden på tv programmet «Hver gang vi møtes», i vinter har gjort bandet og låtane deira meir aktuelle enn nokon gong! Me lovar stor stemning og trengsel framfor scenen når DDE entrar den. Det kan då bli både Rai Rai og mykje liv!

 

RALPH MYERZ & THE JACK HERREN BAND
Kven skulle tru…. Det legendariske live-bandet er tilbake! Landets mest kjente trommis, elska radio/tv-personlegheit, konferansier og superhelt-Dj, og ikkje minst «Tysnesing», Tarjei Strøm og den mytiske produsenten Ralph Myerz, rir igjen. Rett og slett årets fullblods comeback – og det høyres betre ut enn nokon gong!!

[youtube]cAKf9i3lgF4[/youtube]

 

Bjørn Eidsvåg
Velkommen tilbake til oss Bjørn! Med superhits som ”Mysteriet deg”, ”Eg ser”, ”Skyfri himmel”, Shalala” osv. har Bjørn Eidsvåg tatt nakketak på det norske publikummet. Han er rett og slett ein bauta i norsk musikk, og ein av landets aller mest populære og folkekjære artistar. Sidan debutalbumet i 1976, har Bjørn turnert Norge på kryss og tvers svært mange gongar, og gitt oss 24 album som til saman har selt over 1,5 million eksemplar.

 

Maria Mena
Maria Mena fekk gjennombrotet sitt som 16-åring da ho skreiv «My Lullaby» om foreldra sin skilsmisse. Sidan den gong har ho styrka sin posisjonen som ein av Nordens mest suksessrike artistar med låtar som  «You Are The Only One», «Just Hold Me», «Miss You Love», «All This Time» og «Belly Up» for å nemne nokon. Julesongen «Home For Christmas» har også blitt ein moderne klassikar i Norge.

Mena vert lovprisa av nokon av verdas største artistar, der blant anna Kanye West og det nye stjerneskotet Sam Smith figurerer. Ho har vore høgt på hitlistene i Europa, Sør-Amerika og Asia, og har i løpet av 11 år fått eit stort publikum over heile verda.

Fortsatt skriver ho alle songane heime på kjøkkenet i Oslo. Maria Mena har vunne Spellemannprisen (for albumet «Cause And Effect») og Edvard Grieg-prisen. Ho har også vore nominert til tysk Grammy (Eccho award).

[youtube]MBH-QbN5BcQ[/youtube]