Dokke bunad
8/2/2015 11:20
Ei dame i Fetsund fortel til Tysnesingen.no at morsslekta hennar er frå Tysnes. Mormora og grandtanta hennar sydde kvar sin Hardangerbunad då dei var unge tidleg på 1900 tallet, og desse har gått i arv. Ho fortel også at Hardangerbunaden er Noregs fyrste bunad, og var i starten heile Noregs bunad kalla Nasjonalen. – Og så er den jo veldig vakker då, legg ho til.
Ho har lenge ynskt å finne nokon som kunne sy ein ordentleg Hardangerbunad til ei gammal dokke. Dette var svært vanskeleg, ho tok kontakt med folk som averterte at dei syr alle slags bunader til dokker. Desse tok på seg alle bunader, unntatt Hardanger. Ingen ville påta seg det arbeidet på grunn av perlebroderia. Ho vart difor svært glad då ho kom i kontakt med Mari Anne Kaastad Skorpen på Tysnes som tok utfordringa på strak arm.
Mari Anne Kaastad Skorpen fortel til Tysnesingen.no at ho tidlig i sommar via kjente blei kontakta av ei dame som ynskte å få sydd ein Hardangerbunad til ei gammal dukke ho hadde frå barndommen sin. -Eg har alltid vore glad i å sy, og synest dette høyrtes ut som eit spennande prosjekt, og svarte derfor ja, fortel Mari Anne.
Ho fekk også spørsmål om å sy ein bunad til tanta hennar, som og hadde ei nesten tilsvarande dukke, derfor vart det to bunader. Dama som tinga bunadane var på Tysnes i sommar, slik at Mari Anne fekk teke mål. Det finnast ikkje noko mønster på hardangerbunad til dokke, så Mari Anne måtte lage mønster sjølv. -Og sidan dukkene som skulle ha bunadane befann seg i Fetsund, vart det undervegs fleire sendingar av “prøveliv” for å sjekke at måla stemde.
Ferdigsydde bunader
Forkler
Mari Anne med dei to ferdige bunadane prøvd på ei av sine eigne dokker