Treff for slektsforskarar
28/1/2015 08:35
På innføringskurset i slektsgransking på Tysnes folkebibliotek før jul var det ønskje om ei samling på nyåret der kursdeltakarane kunne treffast igjen og utveksla erfaringar – og særleg sjå nærare på bruken av dataprogrammet Legacy. Erling Utne, som er vår lokale Legacy-ekspert, blir med på samlinga og vil visa korleis programmet kan nyttast til registrering av personar og kjelder.
Bibliotekleiaren Knut Rage seier, at treffet er mest berekna på dei som har gått på dei tidlegare kursa våre, men er i utgangspunktet ope for alle interesserte. (NB! Legacy er kun for Windows. Dersom du har ein Mac, bør du ha ordna med tilgang til Windows på førehand.)
Påmelding til tysbib@online.no
Tid og stad: Laurdag 14. februar kl. 15. Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen.