Tysnes Sparebank til Kvinnherad
5/1/2015 11:01
Tysnes Sparebank som fylde 150 år i 2013 har hatt som mål å veksa. Resultata frå 2014 synte at Tysnes Sparbank hadde ein solid auke, trass i at mange andre bankar la ned filialane.
Reklamekampanja “Eg er banken din” var målretta og ga gode resultat med merkbar pågang av nye kundar.
For ytterlagare å styrke banken og sikre vidare vekst, gjekk banken ut og ba lokale næringsdrivande og privatpersonar tegne eigenkapitalbevis. Målet var å henta inn minst 30 millioner kroner. Interessa var stor og allereie etter 32 timar var garantien på 31,5 mill.kr. fullteikna.
I november 2014 offentleggjorde Tysnes Sparebank at dei over nyttår opnar salskontor i Kvinnherad, det fyrste kontoret utanfor Tysnes.
Kvinnheringen.no fortel i dag at dette kontoret vert på Husnes. Dag Sandstå fortel at ein landa på Husnes fordi det er der det bur flest innbyggjarar, og fordi det er senteret i kommunen.
Heile artikkelen kan du lese på Kvinnheringen.no