Julemarknad i Kulturløo på Drange

Publisert av:
19/11/2014 07:23

Me vil prøva å laga førjulsstemning i løo med servering av gløgg og pepperkaker og tilbod på diverse juleprodukt.

 På julemarknaden vert det bl.a. sal av heimalagd såpe, julelys, tova sokker, pulsvanter, hekla kluter
og mykje andre ting til jul. Det er med andre ord mogeleg å gjera litt julegåvehandel. Det vert også mogleg å kjøpa snadder/marmelade frå Haaheim Gard og produkt frå Dokkegalleriet. Me held opent til kl. 16.00