Elevane i 3. klasse lagde spå.

Publisert av:
16/11/2014 13:15

Det var stort engasjement, og full konsentrasjon ved bretting og fargelegging. 

Fire fargar på utsida, så tala 1-8, før det mest spanande av alt:
den hemmelege teksten inni!

Før i tida skreiv ein gjene ting som ” du er søt”, “du er snill” osv.

Nokre har bodskap om ting ein må gjere “fortel ein vits”, “syng ein song”, eller “spring rundt huset”.

– Og kva tekst/ spådom elevane i 3. klasse hadde i sine spålappar…?
Ja, det er nok ei godt bevart hemmeligheit!

Dersom du har gløymt ut korleis du lagar ein spå, er oppskrifta her.