Publisert av:
16/11/2014 07:16
Tysnes Gul J10 – Gneist 3 (8-7)
Kampen starta med jevnt spel og godt forsvar. Med godt strekspel fekk Tysnes inn fyrste mål.
Til pause var stillinga 1-1.
Andre omgang blei meir målrik der laga følgde kvarandre til 4-4. Deretter gjekk Tysnes i frå Gneist med gode mål av vingane. Då fekk Tysnes ei god leiing med 8-5.
På slutten blei det noko stang ut, men jentene halt leiinga og fekk ein fortent siger 8-7.

Alle som likar å sjå god og spanande sport bør ta turen til Tysneshallen når det er kampdag.
Tysnes idrettslag har kiosk med varmmat og kaker, og publikum får informasjon frå drevne kommentatorar.
Sanneleg godt at me har Tysneshallen!
Til glede for aktive og passive :-)
Tekst og foto: Tysnes IL