Bjørnefjorden utdanningsmesse
15/11/2014 20:33
På utdanningsmessa var det stilt ut mange stand med forskjellige arbeidsplassar og vidaregåande skular. Det var mykje forskjellig der, så det var noko for alle.
Ein kunne stille spørsmål, og finne meir ut om skular og yrker, slik at me fekk meir informasjon om dei ulike yrka me kan velga i.
Elevar fra Tysnes skule besøkte messa, 9.kl var der på onsdag og 10.kl på torsdag.
Me var der to timar. Eg personleg synest det var veldig kjekt, eg fekk vete mykje nyttig om både skular, yrker og arbeidsplassar.
Alle var hyggelege, og svarte godt på spørsmåla me stilte.
Eg trur dei andre i klassen også synest det var veldig kjekt og lærerikt, høyrde i alle fall berre positive tilbakemeldingar.
Nokon hadde allereie bestemt seg for kva skule dei vil gå på, medan andre fekk meir å tenkje på etter messa.
Eg syns det var ein vellykka tur!
Fotografier og tekst av Kaisa Kristine Espevik.
Lena Nordal og Sara Vee som begge synest skulen Stend virka veldig interessant.
Håkon Kongsvik og Einar Stikkholmen som prøver å løfte fire mursteinar med ei hand.
Heidi Aarskog og Camilla Helgesen skriv ned viktige fakta.
Tara Mist Haraldsdottir, Malene Markhus Tysnes og Ayleen Hagen fornøyd etter fleire runder på standene.