G 16: Njardar/Tysnes – Bremnes 2 1 – 1
24/6/2014 06:27
Njardar/Tysnes spelte 1 – 1 mot Bremnes 2 heime på Reiso. Også den første kampen mellom laga i vår enda uavgjort, 4 – 4. Dermed har Njardar/Tysnes åtte sigrar og to uavgjort i serien i år, og laget leiar pulja i 3. divisjon. Prestajonane er i overkant av det laget venta, då ein i vår lurte på om laget kunne gjennomføra sesongen med 11arlag.
Kampen mot Bremnes 2 var jamn. I første omgang hadde bortelaget sola og den kraftige vinden i ryggen, og laget hadde eit lite overtak. Gjestene var farlege på corner, og målet kom etter eitt av desse. Njardar/Tysnes utlikna i slutte av omgangen etter ein flott prestasjon av Jonas.
Etter pausen hadde Njardar/Tysnes eit overtak, men laget spelte seg til få klare sjansar. Eit stolpeskot var det næraste ein kom. Resultatet gjev eit greitt bilete av kampen.
Njardar/Tysnes spelte med litt høge skuldre, og pasningane gjekk for ofte til feil adresse. Dei lange pasningane og gode løpa såg me mindre til enn i tidlegare kampar. Likevel skal spelarane ha ros for at dei kjempa godt, og forsvaret hadde god kontroll.
No tek laget ferie og startar oppkøyringa til haustsesongen i midten av juli. Målet er sjølvsagt å vinna pulja og spela om kretsmeisterskapen for 3. divisjon.
Desse var med: Martin Bakke, Sondre Flygansvær, Ørjan Pettersen, Elvis Kalvans, Kenneth Dalland, Sindre Økland, Håkon Knudsen, Erik Enes, Johannes Haugsgjerd, Vegard Kleppe, Jonas P. Fosså, Alf Inge Kleppe og Karl Henrik Helgesen
Tekst: Helge Hauge