Storsamling og jubileum

Publisert av:
18/6/2014 06:22

Indremisjonssamskipnaden har sitt virke i eit stort distrikt, og har 174 lag fordelt om i Sunnhordland, Hardanger og Voss.

Jubileumshelga på Husnes har mykje og variert program både for born, ungdom og vaksne.

Fredag kveld visast «Glimt i auga og gløtt av himmel» – eit historiske spel/revy med tilbakeblikk på IMS si historie gjennom 150 år.

Sjølve jubileumshelga er lagt til Husnes, men det er så korte avstandar i Sunnhordland, at det er ein del som kjem frå Tysnes og for å få dette med seg, seier Guri Bjørnevik i Indremisjonen til tysnesingen.no.

 

Meir om arrangementa i helga kan du lese på nettsidene til Indremisjonssamskipnaden.