Ylvis til Tysnesfest

Publisert av:
18/5/2014 13:57

Ylvis: The Expensive Jacket Tour
Som seg hør og bør brukte Ylvis Oslo Spektrum som testpilot og prøveklut før dei tok konserten ut på turne og til Tysnesfest!  Her er pressa sin dom over konserten i Oslo, 28. februar:

VG: “Lenge leve galskapen”. Terningkast 5. Les omtalen her:vg.no
Dagbladet: “Suksessparade”. Terningkast 5. Les omtalen her: Dagbladet.no
BA: “Gled dere Bergen”. Terninkast 5. Les omtalen her:ba.no

Opptredd på dei største TV-showa 
Hausten 2013 tok Ylvis-brørne steget frå den nasjonale til den globale komikarscenen. Eit uttal humorsketsjar og låtar som “Stonehenge”, “Work It”, “Egeland”, “Massachusetts”, “Someone Like M”e og ikkje minst “The Fox” har til saman over ein halv milliard visningar på YouTube, samstundes har duoen opptredd i fleire av dei største TV-showa i USA, Europa og Asia. “The Fox” har, i skrivande stund, aleine over 410 millionar visningar på YouTube!

Brørne har i kjølvatnet av denne suksessen tatt i mot ei rekke nasjonale og internasjonale prisar for sin komikk.