Morten Harket og Postgirobygget til Tysnesfest!
12/2/2014 17:25
Morten Harket til Tysnesfest!
Tre år etter A-HA la opp, satsar Morten Harket – ein av Noregs største popstjerne gjennom tidene – knallhardt som soloartist og lanserar nytt album våren 2014.
Han har tidlegare vist at han klarar seg utan Pål og Magne, men dei gamle vennene blir likevel med på eit vis sidan Harket har sikra seg rettigheita til å framføre materiale frå A-HA sin karriere. Dei fleste kjenner til historia om A-HA, korleis dei tok verda med storm på 80-tallet med superhits som Take On Me, The Sun Always Shines on TV, Hunting High and Low og mange fleire. Fram til dei gav seg med ein omfattande verdsturné i 2010 selde dei svært mange album og singlar. Dei henta heim ni spelemannsprisar, de har blitt valt inn i Rockheims Hall of Fame i tillegg til at alle tre medlemane er slått til riddarar av St.Olavs Orden for sine rollar i norsk musikkliv.
Soloartisten Morten Harket har gitt ut fire album, og blei tildelt Årets Spellemann for Wild Seed i 1995. Same år vann han også Spelemannsprisen for årets artist, årets låt og årets album. Difor er det sikkert ikkje tilfeldig at hans nyaste singel Brother fekk sin verdspremiere på Spelemannsprisen i 2014. No legg Morten ut på turné, og som ein del av den turneen er Tysnesfest inkludert, og det er me sjølvsagt utruleg stolt over.
Postgirobygget kjem endeleg til Tysnesfest!
Postgirobygget slo ned som ei bombe i norsk musikkliv da deira debutalbum ”Melis” i 1996 raskt selde meir enn 160 000 eksemplar. Og med hitsinglar som ”Bohemen Leve”, ”En Solskinnsdag” og ”Idyll” blei bandet allemannseie. Sidan har det blitt sju album og massiv turnéring over hele landet. Omgrepet “Norges beste liveband” har blitt brukt fleire gonger om Postgirobygget, og få artistar har vore meir etterspurt til Tysnesfest av vårt kjære publikum.