Tysnes Bonde- og Småbrukarlag
3/11/2013 16:19
Styret i Tysnes Bonde- og Småbrukarlag ynskjer at laget skal vera ein sosial møteplass, der ein òg kan få faglig påfyll.
Me inviterer derfor til sosial samkome, med kaffi og noko å bita i. Me ynskjer fyrst og fremst at folk kjem for å møtast for å prata om laust og fast, men me ynskjer òg innspel på kva aktivitetar me skal ha i laget framover og andre ting du har har på hjerta.
Me håpar på i få igang minst 4 kurs/studieringar i løpet av det kommande året, så dersom det er eit kurs du ynskjer at me skal prøva å få igang på Tysnes, må du vera med å sei ifrå. Kursa treng ikkje vera relatert til landbruk.
Dei kursa me så langt har mest interesse for er :
Autorisasjonskurs for bruk av plantevernmidlar, både for dei som skal ta det for første gang og for dei som treng fornying. Praktisk HMS-arbeid. Kurset dekkjer kravet myndighetene set til HMS-opplæring for dei som bl.a. har avløysar i arbeid. Kurset er også eit krav dersom du skal tilfredsstilla krava til KSL.
Parterings kurs for hjort/sau vil me òg prøva å få til.
Men fortsatt ynskjer me fleire innspel på forslag til kurs/studieringar.
Me inviterar òg til eit samarbeid med andre lag/organisasjonar om kursa. Håper derfor at me ser representantar frå andre lag denne kvelden.
Reknar med at DU kjem og at du tar med deg naboen, ein arbeidskollega eller andre som har lyst å sjå kor kjekt me har det i laget.
Håpar mange som ikkje er medlem i laget kjem.
Minner òg om årsmøtet til Tysne Bonde- og Småbrukarlag kl 19.30 same kveld og stad !!!!!
Vel møtt!
Styret i Tysne Bonde- og Småbrukarlag