G 14
23/10/2013 06:13
Njardar/Tysnes var tysdag til Husnes og spelte mot Trio. Kampen gjekk i eit ufyseleg ver med store mengder regn og vind som jaga ballen over den eine sidelinja.
Ved pause var stillinga 0 – 0. Njardar/Tysnes hadde eit lite overtak og dei fleste sjansane, men laget lukkast ikkje heilt føre mål. I andre omgang fekk bortelaget vinden på skrå i ryggen, og då føregjekk det meste av spelet på Trio sin banehalvdel. Det var vanskeleg å spela god fotball, men innimellom fekk me sjå det laget hadde øvd på. Martin stod igjen ein god kamp i mål, og forsvaret har heva seg mykje i løpet av sesongen. Framover gjer Erik ein god innsats, og dei andre ligg ikkje langt etter. Sigeren på 5 – 0 var fullt fortent.
Desse var med: Marting Bakke, Jakob Lande, Sondre Flygansvær, Kenneth Dalland, Erlend Magnussen, Benjamin Tho, Erik Enes, Håkon Knudsen, Thomas Hjelland, Alf Inge Stue og Ludvik Dalland.
Neste kamp vert den utsette kampen mot Harding torsdag 24. oktober kl. 1830 på Reiso. Siste kampen går tysdag 29. oktober mot Rosendal/Uskedal på Reiso.
Helge Hauge.