Publisert av:
14/10/2013 12:10
120 mill. til utjamning av nettleige
Dagleg leiar i Tysnes Kraftlag, Steinar Austefjord har i dag ei gladmelding til kraflagskundane:
– Sitjande regjering har bevilga 120 mill i statsbudsjettet til utjamning av nettleige.
Dette vil sei at kundane våre vil kunne ha same nivå på den nettleiga som går til kraftlaget til neste år som i år.
Vi er svært glade for at politikarane ser at det er viktig å gje utjamningsmidlar til dei områda der kundane betaler mest for nett tenestene.
Utjamninga i lag med etterbetaling vil føre til at medlemene i kraftlaget vil kunne ha ei nettleiga som er på nivå med kundar i kraftlag rundt oss.