Njardar G16 i aksjon på Reiso
4/10/2013 11:52
Det er ein fin gjeng og dei er heldige som og har fleire jenter med på laget.
Njardar starta med godt spel og leda 3-0 på kort tid. Ut over i fyrste omgang blei laget meir usikkre og Eikelandsfjorden fekk komme til sjangsar som dessverre vart til mål. Snart hadde Eikelandsfjorden utligna 3-3, men Njardar kom tilbake og leda 4-3 til pause.
Måla var laga av ulike spelerar og fleir var det klasse over. I andreomgang var det bortelaget som fekk tak på kampen og kom opp i leing 5-4. Godt arbeid av målvakta hindra fleire baklengs. Spelet til Njardar betra seg mot slutten av kampen, men ein fekk ikkje god nok avslutningar til å lage fleire mål. Kampen enda med 4-5 siger til Eikelandsfjorden som Njardar nok burde slått på ein god dag. Nokre gode treningsøkter i haustferien vil nok få laget på rett spor for dei siste kampane av sesongen.
Svært kjekt at så mange som møter opp for å følge laget. Ein får lika god underhaldning på Reiso som i by`den eller Tv-en. Eit slikt fotballanlegg i strålande haustvær er flott å vise fram.



Foto: Arild Pettersen
Tekst: Njardar/ Tysnes