Publisert av:
8/9/2013 13:39
“Barndom på Tysnes på 1950- og – 60 talet”
Det var ei tid med langt mindre velstand og komfort i dag, og leikar og andre ting vart tekne godt vare på.
Britt Kjellesvik Rage har samla eigne og andre sine leikar til ei flott utstilling. Her fekk publikum sjå alt frå ein stor, heimelaga rennebil frå 1950-talet og ein klassisk rattkjelke, til dokker og mekaniske leikar som kom frå Amerika. Spennande ting for dei som var små for ikkje så altfor mange tiår sidan – og eit nostalgisk gjensyn i dag. I løpet av heile helga var det mykje folk og såg på utstillinga. Husflidsmessa var jamnt over godt besøkt.
Tekst og foto: Knut Rage
[bilder]