Tysnes før i tio

Publisert av:
5/9/2013 18:30

For ei nettside som syslar med lokalhistorie er det eit svimlande høgt tal, og er sannsynlegvis den mest populære Tysnes-sida på Facebook.

Nettstaden kom til etter initiativ frå Knut Rage for eitt år sidan, og er laga etter mønster frå liknande sider andre stader. Etter ein litt famlande start med få interesserte tok det brått “heilt av”, og pågangen av medlemmar har gått over all forventing. Det er gledeleg å sjå at så mange unge dagleg er innom sida.

Olav Skjellevik kom tidleg med i arbeidet, og saman er det Knut Rage og Olav Skjellevik som er administratorar for sida. Pågangen av innlegg og bilete er jamn heile tida, og det er truleg ein av fleire årsaker til at Tysnes før i tio har vorte så populært. Det skjer noko heile tida der.

Tysnes før i tio er eit solid bevis for at lokalhistorie er populært, berre det vert presentert i det rette mediet.
Facebook er såleis midt i blinken!

Tekst: Knut Rage