Nils Vermund varma opp til Tysnesfest

Publisert av:
8/7/2013 21:05

Då sirkuset kom til Skånevik!
Def Leppard konsert
Karakter: 5
Av Nils Vermund Gjerstad (saman med Ivar Hole Aksnes)

Def Leppard var underteikna sitt favorittband i 8. klassen.
Å varme opp til Tysnesfest og Europe med legendene frå Sheffield på Skånevik Blues i helga var bortimot perfekt.

A wild ride, over stormy ground Such a lust for life… The circus comes to town We are the hungry ones… on a lightning raid just like a river runs… like a fire needs flame… I burn for you,» syng Def Leppard på sin store hitsingel Animal, som og var ganske beteiknande for konserten i helga. Låten vart sluppen på singel i oktober 1987 og gjekk i heavy rotation på videospelaren til underteikna den hausten. Den dedikerte festivalsjefen Ole Warloe Christophersen som tidligere har hanka inn både ZZ Top, Foreigner og Alice Cooper til Skånevik, har opna pengepungen på vid gap denne gongen for å fly inn dei britiske metallrockarane frå Sheffield som har solgt over 100 millionar plater, til festivalen i Sunnhordlands perle. Passande nok fann konserten stad i eit slags sirkustelt, som jo er settingen i Def Leppard sin mest kjende musikkvideo. Like før konserten vart The Who sin energiske Won’t Get Fooled Again spela over høgtalaranlegget, kor originalt nok Def Leppard kom innpå slutten av songen med Joe Elliott som overtok akkurat midt i det berømte Yeeeeeahh’et til Roger Daltrey. Ein sterk entré. Gimmicken kan vera inspirert av Van Halen, som på sin ‘5150’-turné i 1986 covra denne The Who-songen. Det er og ein peikepinn om kva band som har inspirtert Def Leppard. Første ordentlige låten var overraskande nok ein cover av Sweets Action. So kom den fengande Animal, kor den muskuløse Phil Collen framleis fekk vist at han er ein trollmann med sologitaren. Publikum stemte i på refrenget: «I gotta feel it in my blood. Whoa-oh. I need your touch don’t need your love Whoa-oh!» Det var en vital og imponerande gjeng som stilte på scenen i Skånevik; Joe Elliott (vokal), Rick Savage (gitar), Phil Collen (gitar), Rick Allen (trommer med ei hand!) og Vivian Campbell (gitar). Sistnenemnte byrja i 1992 og stilte sjølv om han har vorte diagnostisert med Hodgkin’s Lymphoma. Medlemmene er alle i midten av 50-åra og held seg imponerande godt, sjølv om minst eit par av dei ser ut som dei bruker permanent. Det karakteristiske lydbiletet som Leppard har hatt sidan Pyromania (1983) er det den legendariske produsenten Robert John “Mutt” Lange, som står for. Lange har mellom anna og produsert for AC/DC (m.a. albumet Back In Black) og Starship. “Mutt” Lange er ein “studio wizard” og la til det som er kjent som “hi-tech AOR” til Def Leppards tidlegare meir røffe hard rock sound, slik at det dreia seg meir i retning av litt pompøs pop-metal som me kjenner frå Hysteria, ei plate som tid skapa småhysteriske tilstandar blant yre tenåringar og solgte i vanvittige 20 mill. eks! Det var og herfrå mesteparten av setlista i Skånevik vart henta.

For underteikna var dei låtane Women (med det vittige refrenget What’s that… what’s that… spell…. WOMEN! You can’t live without them) ein høgdare og dessutan Rocket, som er stappa med artige samplingar og referansar. Armageddon It er og ein låt som fungerer spesielt godt live, med Elliot sitt morosame utrop til publikum; Armageddon it! are-you-gettin-it? Korpå publikum svarar: Armageddon it! Pour Some Sugar On Me er mange søte damer sin favoritt-låt og fekk fremmøtte til å stemme i om om søte gleder: Love is like a bomb, baby, come on get it on! Heldigvis vart det og nokre låtar frå Pyromania (1983), som var gjennombrotsplata deira. Foolin’ og Rock of Ages gjorde seg godt, medan eg kan styre min begeistring for balladar som Love Bites og Hysteria eller rockaren Make Love Like a Man, men det var i alle fall eit godt høve til å gå på toalettet og få seg ei forfrisking i baren.

Det har frå visse hold vorte hevda at det var dårleg lyd på konserten. Noko som underteikna og andre på konserten ikkje kan sei seg samd i. Men det kan has samanheng med at det var konsert i eit telt, og akustikken kan ha virke litt rar visse stader. Enkelte hevda og at lyden var betre bak enn framme med scenen, kor underteikna sto mesterparten av tida og digga musikken og akkompagnerte Def Leppard på finstemt luftgitar. Om ein skal sei noko kritisk om Def Leppard anno 2013 må det vera at dei ikkje bydde på dei heilt store overraskingane: lite improvisasjon og konsertlengda var litt knapp. Men Elliott og co. har i alle fall skjønt tydinga av omgrepet “Leave the crowd hungry”… Siste ekstranummeret var for øvrig ganske artig peik til ei småskjenka forsamling: Wasted. På slutten skrøyt vokalist Joe Elliott av Skånevik Bluesfestival og at teltet der er den mest spesielle staden dei har spela live. Def Leppard lova å koma attende!
Won’t Get Fooled Again (The Who cover)
Action (Sweet cover)
Animal
Foolin’
Make Love Like a Man
Love Bites
Rocket
Women
Hysteria
Armageddon It
Pour Some Sugar on Me
Let’s Get Rocked
*Ekstranummer*
Rock of Ages
Photograph
*Ekstranummer 2*Wasted