Publisert av:
15/6/2013 04:13
Søskenbarntreff ved Sletteskogsjødn.
Ein tur innom gravminna ved Onarheim kyrkje var då sjølvsagt, og medan dei var der, fekk dei sjå og høyra litt av kvart. Inne i kyrkja låg dei tre Kongebiblane låg oppslegne på silkeduk, og ein av stolane frå stova til Claus Pavels Riis var sett fram.
Trebollen på duken står normalt på alteret som offerskål. Den vart i si tid laga i “Holo” av Einar Heldal og gjeven som gåve til kyrkja i 1982.
Ein del av utstillinga står permanent i kyrkja, men det mest unike – Bibelsamlinga – vert berre vist for “spesielle” gjester – eller grupper som ber spesielt om å få sjå og høyra –.
På biletet er barnebarna og ektefeller samla ved bordet med silkeduken.