Publisert av:
30/5/2013 17:52
Tysnesingar på Bjørgvin Marknad
Her møtest vikingar og folk frå middelalderen tre dagar til ende, med ein stor og bugnande marknad, konsert med Wardruna, kampoppvising, bueskyting, øksekasting og kurs i glima (norrøn bryting), til meir fredelege syslar som hesteriding, runeforedrag, kurs i plantefarging og eventyrspel.
Frå Tysnes er Britt Kjellesvik Rage med, med sal av middelalderske struthetter m.m. Dette er kjekt for store og små – ikkje minst for gutane, kanskje – for her er det høg pil og bue-faktor! Kom og opplev vikingtid og middelalder med deltakarar frå heile Norge og andre land, med teltleir og vikingskip! 31. mai – 2. juni på Hordamuseet. Vel møtt!
Meir opplysningar: http://www.bjorgvinmarknad.no/
