Marianne Juvik Sæbø kjem til Tysnes
21/4/2013 14:05
Dei har også tidlegare vore i dette bedehuset to gonger i samband med liknande arrangement. Begge gongene var bedehuset fullsett. Kvelden byr elles på fellessong og servering av kveldsmat, og folk får godt høve til å drøsa.
Marianne Juvik Sæbø og Terje Kleppe har samarbeidd i mange år, og dei har eit breitt og variert repertoar. Ho er kjend frå ei rekkje program i radio og TV, jobbar mykje frilans som songar og driv Musikalhuset, som i fjor haust sette opp familiemusikalen ”Annie” på Askøy, Bergen og Os. I tillegg har ho i mange år gjort ein stor innsats for organisasjonen Misjon Utan Grenser sitt barneheimsarbeid i Ukraina.
Terje Kleppe er lærar ved Kongshaug Musikkgymnas. Dessutan er han frilansmusikar, han har produsert ei rekkje cd-ar, drive gospelkor, og han komponerer og arrangerer. Då Marianne gav ut cd-en ”Arv” i 2001, var Kleppe produsent for den. Inntektene frå ”Arv” gjekk til sanitæranlegg ved barneheimar i Ukraina.