Berre nesten for Njardar/Tysnes
20/4/2013 13:13
Det var Smørås 3 som starta kampen på Reiso best i dag. Dei hadde presset, og tok leiinga 1-0 før pause. Men etter ein “pep-talk” frå trenar Geir Austvik, så heva Njardar/Tysnes seg etter pause.
Det tok ikkje lange tida i 2. omgang før Endre Vermedal satte inn redusering 1-1 etter ein duell med keeper. Gjestane var ikkje heilt einig med dommaren, noko som resulterte i gult kort for munnbruk.
Ei stund etterpå var det Lasse Skulstad som satte inn 2-1 for Njardar/Tysnes, med ei fin avslutting frå omlag 9 meter.
Men Smørås 3 skulle komma tilbake i kampen, og etter ei klarering frå Njardarforsvaret, satte Smørås inn sitt andre mål for dagen på volley frå omlag 18 meter.
Det såg lenge ut som om det skulle bli uavgjort på Reiso, men i det siste ordinære minuttet kom det eit langskudd frå Smørås, og kampen enda dermed 2-3.