Publisert av:
16/4/2013 06:01
Motorsagkurs
Fredag 26 april vert det ei økt inne der ein går igjennom motorsaga og tek for seg filing, stell, sikkerhet osv frå kl 17-21.
Laurdagen vert det saging ute frå kl 09-15, der de lærer teknikkar og metodar for felling med fokus på sikkerhet. Me lagar til med bål og kaffi.
Instruktøren vert Audun Lund Eik frå Aktivt skogbruk som er profesjonell instruktør på dette kurset. Det vert min 5 deltakarar, max 8. Prisen er 1820,-. Tysnes Skogeigarlag kan vera behjelpeleg med utlån av utstyr dersom det er nødvendig.
Dei som har foreldre i Tysnes skogeigarlag / er medlemmer sjølv og dei som er under 18 år får ein liten rabatt.
Ta kontakt med Åsta Midtbø tlf 93 45 44 20 / asta_midtbo@hotmail.com dersom du vil vera med på kurs.