Publisert av:
5/4/2013 18:19
Skifte dekk i helga?
I år var påska tidleg, så fristen er 7 april.
Nattefrosten den siste tida har medført at det framleis er glatt mange stader, også på enkelte parti på Tysnesvegane.
Haugaland og Sunnhordland politidistrikt har bestemt at piggdekk sesongen her vert utvida med to veker.
Lorentz Lunde seier at ein i Hordaland politidistrikt ikkje har gjort eit slikt vedtak. Han oppmodar folk om å bruke fornuft når det gjeld kor tid ein skal skifte dekk.