Lesarane si meining

Publisert av:
24/3/2013 08:18

I spørreundersøkinga spurde me om kva lesarane gledde seg til no når våren nett er begynt.

Nærmare halvparten (46%) svarte at dei gledde seg til lysare kveldar.
Dette passar godt sidan me passerte vårjamndøgn på onsdag, og det no vert lysare for kvar dag som går.
20% gledde seg til utepilsen, noko som kanskje også er ein “kveldsaktivitet”….?
Fordelinga mellom dei som gledde seg til hagearbeid og dei som gledde seg til fine turar var om trent lik, 
Eit fåtal gledde seg til å pusse båt og plukke brunsiniglar.

No lurer me på: Kva betyr “påske” for deg?