Europe til Tysnesfest!

Publisert av:
13/2/2013 18:02

Det er ei stor gleda kunna få lov å ynskja Nordens største rockeband velkommen til Tysnesfest 2013!

Svenskane i Europe har gitt ut plater sidan tidleg på 80-tallet og er sjølvsagt mest kjent for monsterhiten “The Final Countdown”. No er dei aktuelle med sitt niande studioalbum “Bag of Bones” som har fått eit meir blues og klassisk rocka uttrykk, blant anna ved hjelp av produsent Kevin Shirley (Aerosmith, Iron Maiden, Black Stone Cherry). Dei feirer 30 års jubileum i år som platesleppande band!

Europe blei danna i 1979, då under namnet Force. I 1982 var bandet saman med 4000 andre band med i svensk meisterskap i rock, og på vei mot tittelen skifta bandet namn til Europe. Fyrstepremien var ein platekontrakt som førte til at debutplata “Europe” vart gitt ut i 1983.  Etter albumet “Wings of tomorrow” kom ut i 1984, begynte dei innspelinga av plata “The Final Countdown”. Den kom i 1986 og blei bandet sitt formidable høgdepunkt med fantastiske 6,5 millionar selte eksemplar. Tittellåta var listetopp i 26 land over heile verda. Etter to album til tok bandet ein pause i 1992. Bandet gjorde ordentleg comeback i 2003, og har sidan gitt ut tre album. Europe består i dag av Joey Tempest, John Norum, Mic Michaeli, John Leven og Ian Haugland.

Europe sitt siste studioalbum ”Bag of Bones”, som kom i april 2012, har selt til gull i Sverige og er bandet sin største suksess i fleire land, deriblant Norge, der det fekk sin høgaste listedebut sidan ”Prisoners in Paradise” (1991). Omtalen på “Bag of Bones” har vore fantastiske i aviser og magasin, verda over.

Det vert sjølvsagt stor stas med ekte rock and roll på Tysnesfest!!
Det er lova ein hitparade som seint vil gløymast!

 

Sal av festivalpass, samt fredagsbillett (Europe++) startar i morgon Torsdag 14 februar kl 09:00!
Dette du kan finne her og her.

 

Sjå tysnesfest.no for utfyllande info.