Publisert av:
11/2/2013 12:28
Populært Sundagsakademi
Den populære Facebook-sida “Tysnes før i tio” danna utgangspunkt for arrangementet. Sidan oppstarten i august har den lokalhistoriske sida fått meir enn 530 medlemmar, noko som fortel om ei stor interesse for Tysnes si eiga lokale soge.
Og det var nett dette som også var emnet for Olav Skjellevik sitt kåseri med lysbilete som viste Tysnes før og no – forskjellige stader over heila øya slik dei såg ut i gamle dagar, og dei same stadene slik dei ser ut i dag. Det var tydeleg noko som engasjerte det frammøtte publikumet, som stadig vekk avbraut Olav med kommentarar undervegs.
I kaffipausen serverte Bondekvinnelaget herlege heimelaga bollar og mykje anna godt
-og det er berre å gle seg til neste gongen det blir arrangert Sundagsakademi.