Tysnes før i tio
6/2/2013 20:24
“Tysnes før i tio” er ein nettstad der kven som helst kan posta innlegg og bilete av lokalhistorisk interesse for Tysnes. Sida har vorte utruleg populær – på mindre enn eit halvt år har det kome til godt over 500 medlemmar.
No skipar Sundagsakademiet til eit “Tysnes før i tio”-treff på biblioteket i Tysneshallen. Olav Skjellevik vil halda eit biletkåseri basert på serien “Før og no” som har gått som serie i bladet Tysnes, med bilete som viser stader på Tysnes slik dei var før og slik dei ser ut no – med rikeleg høve til kommentarar frå salen undervegs. Knut Rage vil trekkja fram ein lokal diktar, Henrik Haaland, som døydde for nokre år sidan, og lesa nokre av dikta hans. Forlagssjef Otto Ersland i Kapabel forlag (forfattar av boka “Dei fine ferjene”) vil snakka om eit lokalhistorisk bokprosjekt og lufta tanken om dette er noko som også kan vera aktuelt på Tysnes, basert på interessa for “Tysnes før i tio”.
Undervegs blir det sjølvsagt ein ordentleg god kaffipause, med Bondekvinnelaget som vil selja både kaffi og noko godt å bita i.
Tid og stad: Sundag 10. februar kl 17, Tysnes folkebibliotek. Gratis adgang.