Publisert av:
24/1/2013 12:17
Husflidslaget held kurs
Tysnes Husflidslag vil setja i gang to kurs i vår.
Det er eit teikne- og malekurs, leia av Sanita Balode, og eit vevkurs som vert leia av Birgitta Kuik. Begge kursa er på 16 timar, og kostar kr. 800.
Teikne/malekurset har start torsdag 31. januar kl 17.30. Info og påmelding tlf. 900 56 050
Vevkurset har start fredag 8. mars kl 18 – 21, så vert det kurs laurdag 9. mars kl 10 – 15 + tysdagar etter avtale
Info og påmelding tlf. 976 16 424 / 900 56 050
Har du lyst å vera med så meld frå. Kurset er for alle, du treng ikkje vera medlem i Husflidslaget for å vera med.
Tysnes Husflidslag