Publisert av:
15/1/2013 10:51
Kurs for støttekontaktar
Kan du tenkja deg å vere støttekontakt, eller lurer du på kva det inneber å vera støttekontakt?
Då oppmodar vi deg til å komme, seier Rigmor Sjo Fotland i Tysnes kommune.
Kommunen har stadig trong for fleire støttekontakar, og då spesielt menn.
Det er ingen krav til utdanning. Einaste kravet er at ein må vere over 18 år.
Er du interessert i mennesker, og ynskjer å bidra til at andre kan få ein betre kvardag, er du rette personen for oss.
ALLE er hjarteleg velkomne!
Rigmor Sjo Fotland og Synnøve Espelund frå Tysnes kommune vil halda kurset.