Tysnes Kraftlag med nye internettsider

Publisert av:
13/12/2012 09:01

Føremålet har vore å gjera sidene meir oversiktlege og brukarvenlege, samstundes som dei stettar nye krav frå myndegheitene med tanke på nøytralitet mellom nett og kraft. Det er og lagt opp til at kundane kan melda inn ein del ting ved hjelp av skjema på internett, til dømes flyttemelding eller feil på vegljos. Sidene vert oppdatert med aktuelle saker, samt at ein kan finna driftsmeldingar der kraftlaget blant anna vil informera om planlagde straumstansar.

Kraftlaget oppfordrar kundane til å melda tilbake dersom det er ting ein saknar, eller ting ein meinar kunne vore betre på internettsidene deira.