Flott siger

Publisert av:
11/11/2012 17:58

Tysnes J10 gjennomførte ein god handballkamp søndag mot Bergen.

I 1.omgong var det jamnt. Det tok fire minutt før første målet kom ved Oda. Men Bergen utlikna på direkten, og berre to minutt etter gjekk bergensarane opp i leiing 2-1. Men eit godt skot av Ida gjorde at det stod 2-2 til pause.

Bergen hadde ingen innbytarar med seg og fekk det dermed tøft utover i 2.omgong. Det gjekk litt tid før det første målet etter pausen kom, men då løsna det. Jentene var litt meir skotviljuge enn i første omgong, og no skaut Malene, Oda, Malene Kristin inn 5-2 til Tysnes.

Gjestane scora ikkje før det stod fem minutt igjen. Men det var ingen fare for tysnesingane, for dei vart opp med flott kombinasjonsspel før Ida avslutta vakkert i mål til 6-3, og Solveig avslutta det heil med langskot til 7-3 siger.

Det skal nemnast også godt keeperspel av både Malene og Martine i.h.h.v. første og andre omgong.

Desse var med: Malene Skår Hagen, Karoline Hauge Hansen, Oda Aarbakke, Martin Ludvigsen, Hedda Kaasa, Mari Meland, Malene Kristin Alsaker, Trine Gundersen, Sarah Lavik, Ida Solheim, Solveig Reiso.