8. mars
20/2/2017 16:44
Onsdag 8. mars vil Tysnes Kvinnenettverk og Tysnes Frivilligsentral markera Den internasjonale kvinnedagen.
Arr vert i Grendatun og begynner kl 19.
Anna Lise Sortland vil fortelja om Hildegard von Bingen, som var ei spesiell kvinne for si tid og hadde evner utanom det vanlige. Ho fikk lære gresk og latin, ho foretok omfattande bibelstudier og hun sette seg grundig inn i samtidas naturmedisinske praksis. Eit overordna mål for heile Hildegard von Bingen sin verksomhet var å understøtta og forenkla mennesket sin veg til frelse og dermed til frigjering.
Merete Kristiansen og Åshild Matre vil orientera om KPK- Ukriana. Dei har vore i Ukraina og besøkt dei som nyt godt av arbeidet som desse eldskjelene gjer og det er i prasksis eit døme på at kvinner kan hjelpe kvinner på tvers av landegrenser, religion og sosila status.
Musikalsk innslag med nokre av damene i Tysnes Kammerkor. Enkel servering og loddtrekning på biletten. Me vonar at mange vil slutta opp om dette arr.
