Publisert av: Martha Nygård Lande
1/9/2025 15:51
3007 innbyggjarar på Tysnes
Som kanskje dei aller fleste har fått med seg, viser dei nyaste tala frå Statistisk sentralbyrå at Tysnes kommune ved utgangen av andre kvartal 2025 har nådd 3007 innbyggjarar.
Dette vart markert fredag og laurdag sist veke, då Ordførar Synnøve Bakke besøkte fleire bygder i kommunen, for å feira saman med innbyggjarane.
På Joker Onarheim, Lunde Landhandel, Bruntveit Handel, Coop Extra, Spar og Joker Uggdal vart det servert kake. Og som ordføraren skriv på facebook; “Folkeauken er vår felles forteneste – det er vi som bur her som gjer Tysnes til ein god stad å leva”



