3 gode kampar

Publisert av:
29/5/2010 08:06

Torsdag var det to kampar på Reiso og ein på Vassbakken.

På sistnemnde bane møtte smågutane Fusa. Det vart ein jamn kamp der mykje av spelet føregjekk på midtbanen. Njardar rulla imidlertid opp fleire gode angrep då dei fekk vridd spelet og lagt inn. Det vart 2-1 siger etter mål frå Simon Malkenes og Lasse Skulstad.

Gutelaget møtte Lysekloster på Reiso. Kampen enda utruleg nok 1-1. I 1.omgong var det likt i banespel, men i 2.omgong var det einvegskøyring mot Lysekloster målet. Effektiviteten var ikkje god nok, men gutane skal likevel ha skryt for god innsats og godt spelt. Tore Hodneland scora målet.

Lillegut 99 møtte Os på Reiso. Det vart storsiger 11-1 og stor stemning på sidelinja. Trenarar Malin Kongsvik og Helge Hauge var godt nøgde med laget sitt etter ein flott kamp.