Publisert av:
4/10/2011 19:11
25 års jubileum
4.oktober 1986 var ein stor dag for Tysnes – og av mange sagt “Århundrets dag for Tysnes”.
Denne dagen for 25 år sidan vart Lukksund bru opna. Eit langt og mangeårig prosjekt med iherdig jobbing blant eldsjeler var fullført. Stortingsmann Sverre Helland vert særleg hugsa som ein viktig brikke i det å få realisert brua.
Det var dåverande samferdsleminister Kjell Borgen som klyppa snora og offisielt opna fastlandssambandet over Lukksund.
Lukksund bru er 316 meter lang og har lengste spenn på 175 meter.