Publisert av: May Britt Meland
5/5/2021 09:05
17. mai feiring på Onarheim
På Onarheim vert det kransenedlegging ved minnestøtta på Onarheim kl. 13:00 på 17. mai ved Hans Tore Brekke.
17. mai komitéen har samarbeida med bygdalaga på Onarheim og Tveit. Bygdalaget på Tveit har ordna med veteranbil frå Nymark, gjennom Hovlandsstrando og Liabygdo. På Onarheim vert det kjørt frå Hagareset og rundtur i Onarheimsbygda. Bilane kjem til å ha med seg ein liten oppmerksomhet til borna.
Som følgje av korona restriksjonar har 17.mai komitéen valt å gå i dialog med skule og barnehage, om feiring av 17. mai.
17. mai komiteen sponsar is, brus, og hotdog. Skulen og dei eldste borna i 5, 6, og 7.klasse skal ha ansvar for kioskdrift og ulike leikar. 17. mai feiringa for barnehageborna og skuleborna vil bli gjennomført tysdag 18.Mai.