ILLUSTRASJONSBILETE

1. oktober er internasjonal eldredag

Publisert av: Martha Nygård Lande
30/9/2020 19:52

FN sin internasjonale eldredag

Også eldre mennesker har rett på god helse og livskvalitet, kan ein lese på FN si nettside. Den internasjonale dagen for eldre er eit av tiltaka for å sette søkelys på desse rettighetane.

Den internasjonale dagen for eldre vart fyrste gang markert offisielt i 1990, men FN sitt engasjement for eldre menneske sine rettigheter går lenger tilbake.

I 1982 arrangerte FN ein verdskonferanse i Wien der temaet var eldre menneske. Under denne konferansen vart det vedtatt ein plan kjent som «”Vienna International Plan of Action on Ageing”.

Sidan har det blitt vedtatt stadig meir omfattande planar for ivaretaking av eldre. I 1991 vart menneskerettigheter for eldre adressert spesifikt; nesten førti år etter Verdenserklæringa for menneskerettigheter. I 2002 ble ansvaret for eldre sine rettigheter tillagt styresmaktene gjennom “Madrid international plan of action on aging”.

I kjølvannet av COVID-19 pandemien sitt utbrudd, er den internasjonale dagen for eldre 2020 knytta til FN sitt bærekraftsmål nummer tre, som handlar om god helse og livskvalitet.

Du kan lesa meir om dette på FN sine sider om eldredagen her