Ynskjer ekte tre

Publisert av:
2/1/2016 08:33

Jula 2015 er ved vegs ende, og tradisjonen om kor tid ein skal pakka ned jula er ulike. Nokre tek alt vekk rett over nyttår medan andre ventar til trettande juledag og nokre til tjuande juledag. Nokre pakkar frå kvarandre og legg plast treet i ei eske til neste år, medan andre kvittar seg med grana eller furua.

Når stemmene er talt opp ( 502) i «Di meinig» der vi lurte på kva du meinte om juletre i plast, er det utan tvil eit ekte tre som gjeld!

216 av stemmene gjekk til «Ingenting skapar betre stemning enn ekte tradisjonelt juletre!» og 171 stemmer fekk «Heller ein skeiv og sleten ekte busk enn plastikkskrot…»

Tilhengarane av plast-tre ga 45 stemmer til «Praktisk med alltid perfekt tre», 40 stemmer til «Allergivennleg og fritt for småkryp»,  medan 5 av stemmene gjekk til «Slepp nåler i sokkane».

Dei som meiner det er pynten som tel ga 5 stemmer.

20 stemmer er heller likegyldige, og meiner at «tre er tre».

 

Ved inngangen til 2015 ga ca 44% av lesarane uttrykk for at dei det kommande året ynste å «Nyta dei små ting i livet» medan 24% ikkje hadde ambisjonar for det kommande året. 

Vi er no på veg inn i 2016, eit heilt nytt år med nye moglegheiter. For mange er dette tida der ein set seg mål og ynskjer for det nye året, nemleg  Nyttårsfortsett. 

Tysnesingen.no ynskjer i «Di meining» denne gongen svaret på kva dine mål for 2016 er.