Vinni og Hellbillies til Tysnesfest!

Publisert av:
8/5/2013 06:11

Endeleg kjem etterlengta Vinni til Tysnesfest!

Vinni (Øyvind Sauvik) har i ei årrekkje vore frontfigur for ein av Norges største rap-gruppe Paperboys. Bandet har gjennom kjempehits som “Barcelona” og “Lonesome Traveller” hatt stor suksess, og har i si tid hatt heile 18 singlar inne på VG lista. Albuma “No Cure For Life”, “The Great Escape”, “When Worlds Collide” og “The Oslo Agreement” har til saman ført til at gruppa har selt meir enn 100 000 album. 

Etter Paperboys-tida har Vinni fronta prosjektet Vinni & The Vagabonds som kanskje er best kjent for singelen “Let the monkey out” med svenske Timbuktu som gjesteartist. Dei har også gitt ut albumet “Happily lost”.

No er uansett tida inne for at Vinni verkeleg skal stå på eigne bein – og det skal han gjere på morsmålet.  Det er gledeleg nok i seg sjølv at ein av landets beste rappare og tekstforfattarar skal uttrykke seg på norsk. Og med smakebitane “Mørkredd”, “Medisin”, Halvdan Sivertsen-tolkinga “Sommerfuggel i vinterland” og no sist «God morgen Norge»(Knutsen & Ludvigsen) har vel ikkje forventingane til det kommande albumet «Oppvåkningen» akkurat blitt lavare.

Vinni er ikkje bare ein listetoppar, men har også turnert og spelt meir enn dei fleste andre norske artistar det siste tiåret. Han har spelt på dei aller fleste store norske scenar og festivalar, og kan med rette kalla seg ein av landets mest erfarne liveartistar.

I fjor haust kom endeleg Vinni sitt norskspråklege debutalbum «Oppvåkningen». Med andre ord har ikke Vinni sitt nye eventyr nådd toppen enno. Det har tvert i mot akkurat begynt.

 


HELLBILLIES

Endeleg tilbake på Tysnesfest!! Hellbillies er meir populære enn nokon gong, og har i 2012 levd godt med sitt rykte om å vere eit av Norges beste live- og studioband. Ål sine største søner feira sitt 20 årsjubileum med ein knallkonsert i eit fullsatt Spektrum, og dei gav ut plata “Tretten”.

At Hellbillies vert rekna som eit av landets fremste live musikarar, har aldri vore ein godt bevart hemmelegheit. Dei er eit av landets aller fremste band og har stor suksess også på plate. Ei vellukka blanding av amerikansk country og sørstatsrock, med tekstar på klingande hallingdialekt har gitt dei eit stort publikum, med fans frå sju til sytti. Sidan platedebuten Sylvspente boots i 1992 til det nyaste albumet «Tretten» har dei selt godt over ein halv million plater.

Hellbillies har til no gitt ut 13 album – samleplater og live album inkludert – og spelt nærare 1.500 konsertar i Norge. Under Spellemannprisen 2007 blei Hellbillies tildelt den gjævaste prisen av dei alle; Årets Spellemann! Same kveld vann dei også Spellemann for beste country-album med skiva ”Spissrotgang”. Albumet selde over 75.000 eksemplar og var Hellbillies sitt fyrste nr. 1 album på VG lista nokon gong. 

Hellbillies kom i november 2012 ut med sitt nye album “Tretten”.  “Tretten” er bandet sitt trettande album, og har fått strålande omtale.