Velkommen til seilingens dag!

Publisert av:
20/8/2015 07:50

På laurdag er det duka for seilingens dag i Njordstø i regi av Siglarlaget Njord Tysnes.

Seilingens dag er eit nasjonalt familierarrangement og er ope for alle.
Me opnar dørene kl. 1200 og held på fram til ca. 1600.
På seilingens dag kan både små og store prøva å sigla anten med joller eller oselvar. I tillegg kan ein freista kajakkpadling og dei minste kan få vera med på tur med Eliasbåten “Tysnesøy”.
På land vert det kiosksal med hotdog, brus, kaffi og kaker på menyen.
På slutten av dagen vil me arrangera eit publikumsvennlig matchrace utanfor njorstø mellom oselvarar der du kan få vera med som mannskap.
Oselvarane “Berserk”, “Susi”, “Glimt” og “Seira” kjem rigga og klare til å ta imot nye siglarar – kjem du?

Vel møtt – hugs å ta med flytevest.

 

Helsing Siglarlaget Njord Tysnes

 

Sjå linkar til video om oselvarsigling og aktivitetar i siglarlaget

Her og her!