Utgreiing av ferjefri kyststamveg

Publisert av:
2/9/2009 07:36
Det var dette me håpte skulle koma med i NTP. Då dette ikkje kom med i NTP, understreka bl. a. senioringeniør Per Steffen Myhren at dei ikkje kunne bruka midlar til ei utgreiing av ein ferjefri veg over Tysnes. Dette vart av fleire påpeika, og 12. mai hadde Helge Hauge og ordførar i Fusa, Hans Vindenes, eit møte med statssekretær Geir Pollestad og folk frå departement og vegdirektorat. Der vart det lova at ein skulle sjå nærare på dette. 15. august fekk me tilbakemelding om at dei arbeidde med saka.

No har Statens vegvesen fått høve til å bruka dei ressursar som er trengst for å gjera dei utgreiingar som er nødvendige. Ikkje berre det, men målsetjinga er at ein skal koma så langt at anlegget skal eventuelt kunna prioriterast ved rullering av NTP i 20012/13.

Ei utgreiing skal omfatta fleire alternativ, og teknologisk utvikling vert ein del av utgreiinga.