Ulovlege garn beslaglagt

Publisert av:
29/5/2016 15:33

Tysdag 24. mai vart det oppdaga skade på ei not hos oppdrettsfirmaet Lingslaks sitt anlegg på Varaldsøy. 36 700 laks med ein storleik på 4-4,5 kilo hadde rømt. Fiskeridirektoratet vart informert om rømminga, og gjenfangst starta. Det er berre selskapet sjølve som har høve til å driva gjenfangst med garn. Privatpersonar kan fiske etter den rømde laksen med stang, og Lingalaks har sett opp ein dusør på kr 200 per rømt laks ein leverer inn til selskapet sin mottaksstasjon. Fiskararne kan behalda fisken mot at fettfinnen vert fjerna av Lingalaks sitt personell.

Olaf Brattland ved Statens naturoppsyn fortel at det tydeleg er mange som har fått dette med seg, og vil hjelpa til med å fiska opp den rømde laksen, men han presiserer at det ikkje er gjeve dispensasjon frå reglelverket som gjeld fiske i sjøen med garn.

Fredag kveld og natt til laurdag gjennomførte Statens naturoppsyn laksetilsyn rundt Tysnes og i Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune, Jondal kommune og Kvam herad.
Totalt vart åtte ulovlege garn drege inn. 2 stk. i Kvam, 1 stk. i Jondal, 1 stk. i Kvinnherad og 4 stk. ved Tysnes.
Det største garnet som vart drege inn var ca. 130 m langt, og hadde 20 oppdrettslaks på 3-5 kg, opplyser Statens naturoppsyn i ei pressemelding. – Dette skal ha stått på flyt og sperra ei vik i Kvam herad. All laksen vart destruert etter veging.

Dei inndregne garna var ikkje merka med namn og adresse, og vli destruerte etter 3 månader om ikkje me får tak i eigarane, opplyser Brattland.