Foto: John McMurtrie

Uendelege draumar

Publisert av: Dagfinn Sandvik
6/8/2018 15:39

Året var 1988, eg var 10 år gamal, og Iron Maiden kom ut med albumet Seventh Son of a Seventh Son. Eg skaffa meg albumet nokre år seinare på platebutikken Platon på Torgallmenningen i Bergen, og sidan den gong har cd`en vore med meg i livet på forskjellige stader å i ulike samanheng.

Låt nummer to på skiva er den som har fenga meg mest. Infinite Dreams, heiter låta, skriven av Steve Harris. Harris som for øvrig er etter mi meining eit geni når det gjeld songtekstar. Kvar gong eg høyrer denne låten, går eg inn i ein slags musikalsk dvale.

«There`s got to be just more to it than this, or tell me why do we exist?» kjem det ut av ei skrikande stemma frå Bruce Dickinson. Tankar byrja spinna inne i hovudet mitt når eg lyttar nøye til innhaldet i teksten. Kvifor eksisterar me? Er alt tilfeldig? Ynskjer eg å få vite sannheita, om kva som er der ute? Slik at eg har eit bevis på kva som ligg bak. Er alt eit spel? Kor vil eg ende etter døden, i himmelen eller i helvete?

Av Maiden låtane er denne låten ein av dei vanskeligste å synge reint vokalmessig. Men med Dickinson si kraftige operaliknande songrøyst, vert det gjort på ein glitrande måte.

Foto: John McMurtrie

Mykje av grunnen til at Iron Maiden fengar meg, er fyrst og fremst vokalisten Bruce Dickinson. Det at han i tillegg til å vere rockestjerne, også er flypilot. Maiden har sitt eige fly som dei flyr med når dei er på turne. Og då er det sjølvsagt Bruce som er flykaptein. Flyet har dei gitt kallenamnet EdForce One, og det er eit Boeing 747.

Foto: John McMurtrie

Iron Maiden medlemmane har aldri vore noko særleg opptatt av å fest og baluba. Dei har til dømes aldri brukt ulovlege rusmidlar, slik som mange assosierer med eldre rockestjerner. Men til gjengjeld har dei eit eige ølmerke som heiter det same som bandet.

 

Freelance journalist og ven av meg, Nils Vermund Gjerstad møtte Bruce Dickinson.  Klikkar du her, kan du høyre dei to snakke saman, mellom anna om korleis Dickinson følar seg no når han fyller 60 år. Han har bursdag i morgon 07.08.18 og me i Tysnesingen ynskjer han til lukka med dagen.