Tysnesingar med suksess i Florø

Publisert av:
19/4/2010 10:14

Ungdommane fylte opp den nye “Tysnesbussen” til Arne Leite fredag ettermiddag. Saman med 4 andre vaksne tok han oss på forsenka vinterføre trygt til Florø.

Jentene møtte to lag frå Florø, Bremnes og Sollund, og vann tre kampar og spela ein uavgjort. 

Kampen om turneringssigeren sto mot Florø 1. Laurdag ettermiddag spela me 12-12 mot dei i ein spennande kamp. Før vår siste kamp mot Sollund hadde Florø 19 plussmål meir enn oss, så me måtte vinna med 20 plussmål for å ta klassesigeren og det på bare 25 minutter. Jentene klarte oppgaven, dei spreng Sollund i senk og kontra som aldri før, og vann 25-2. Eit mål i minuttet.  Dermed var sigeren klar. 

No er turneringsreglane slik at sidan me har nokre eldre spelare på “disp”, så fekk me ikkje pokalen, men sportlege og moralske vinnare vart me.

Gutane har hatt ein tung sesong, og ikkje tatt mange skalpar. Dei møtte Florø, Sollund og Kalandseid i pulja si. Gutane reiste kjerringa, og fekk me seg siger mot Florø og Sollund. Men erkefienden fra tidligare i år, Kalandseid, var ikkje til å stagga, så det vart tap mot dei både i innleiande kamp og i klassefinalen.

Men ein andreplass smakte godt, og gutane varta opp med til tider feiande flott spel, ikkje minst kombinasjonane på venstresida med Jone og Torstein.  I tillegg hadde Andreas ein flott turnering i mål.

Florø hadde sett opp ei flott turnering med kampar, mat og overnatting på same staden, og det vart vist idrettsglede og innsats som gleda dei mange tilskodarane. Takk Florø, me kjem gjerne igjen.