Tysnes Kontorhotell er klar

Publisert av:
13/4/2009 20:33

Det er Vågsmarka 9 AS som har innreia dei nye kontora og som skal husa ein Industri inkubator. I alt fem heilt nye kontor står klare til utleige, og eit av dei er allereie bestilt av ein tysnesing som til vanleg har “heimekontor”.
 
– Dette er retta mot pendlarar som har muligheit å ha “heimekontor”, seier Børge Pedersen i Vågen AS til Tysnesingen. Vågen AS har sjølv sine faste kontorplassar i bygget.
 
– Her hos oss kan interesserte leiga kontorplass med nettverkstilgong, printer/kopimaskin, kjøken og ha felles lunsj saman med andre. Og ikkje minst håpar me å skapa eit miljø og nettverk på tvers av bedrifter og bransjer, seier han.
 
Du kan velja om du vil leiga ein eller to dagar pr veke, ein enkeltdag eller ein dag i månaden. Er det ledig får du leiga plass. Børge Pedersen antyder at leiga vil verta billegare enn reiseutgiftene ein vil ha til og frå t.d. Bergen.
 
Ynskjer du meir informasjon om Tysnes Kontorhotell, ta kontakt med Kjell Arild Lien, Vågen AS, tlf. 53 43 02 00 eller på mail kjell.arild@vagen.no