To utfor

Publisert av:
13/12/2008 09:27

Tidleg laurdag føremiddag sklei ein bil utfor på ein sideveg ved Grimsland i Lunde. Det er ganske glatt på sidevegen.

Bergingsbil vart tilkalla, men også denne havna i grøfta. Då bilete vart teke rundt 10-tida, var det kome til ein traktor som vonaleg kunne hjelpa dei to uheldige opp på vegen att.

I etterkant er det rekvirert større bergingsbil frå Bergen for å få opp att bergingsbilen som står utfor.

Det er framleis svært glatt på mange sidevegar. Men også enkelte parti på hovudvegane rundtom ligg det is, så ein må vera varsam når ein skal ut på tur.