Tilhøva stabil

Publisert av:
8/4/2011 18:22

Alsaker Fjordbruk melder på si nettside at Haukeland universitetssjukehus klokka 1800 i kveld opplyser at tilhøva for den skadde er stabil.

Det var i samband med førebuing og gjennomføring av avlusing med heilpressining på ein av lokalitetane til Tysnes Fjordbruk det alvorlege arbeidsuhellet skjedde i formiddag.

Alsaker Fjordbruk AS rosar dei tilsette som var på lokaliteten då uhellet skjedde, gode kollega ytte viktig fyrstehjelp i den mest kritiske fasen, hadde oversyn over gjeremål og alarmerte både internt og eksternt hjelpeapparat, skriv alsaker.no.

Arbeidstilsynet vart varsla og politiet har gjennomført naudsynt etterforsking. Dette arbeidet vil halda fram i veka som kjem, melder alsaker.no.